Norsk scenekunstbruk
Postadresse: Storgaten 10b, 0155 OSLO
Besøksadresse: Storgaten 10b, 0155
Telefon: 22425810
Fear infection - V18 (Team Braza)
Produksjonsliste
Program

Fear infection - V18 (Team Braza)

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Fear Infection er ei spennande, rå og sterk danseframsyning med mobbing og ekskludering som tema. Ho inspirerer til ettertanke og opnar for samtaler om ting som kan vere vanskeleg å snakke om.

Gjennom eit urbant fysisk språk, tekst og spesialkomponert musikk set dei dyktige dansarane i Fear Infection fokus på tema som press, å ikkje føle seg god nok, aksept, respekt og identitet. Etter framsyninga vert det samtale med elevane.

Målet er å skape ein bevisstheit rundt temaet og å inspirere til ettertanke, endring av holdningar og ny innsikt. Kan ein del av hendelsane koma av vår eigen usikkerheit, og påfølgande dårlege val? Vår eigen redsle for å vise andre sider av oss sjølv, redsel for å ikkje passe inn, redsel for å ikke bli akseptert? Klarer ein å stå for det ein ynskjer å vere, og ikkje bere ei "maske" for å bli akseptert?

I framsyninga møter publikum 5 dansarar som kvar og ein har opplevd ekskludering eller å vere den som ekskluderer på ulike stadier i livet. Dei har kjempa seg gjennom, bygd nytt mot og styrke, og har lært å tru på seg sjølv for å vidareutviklast.
Framsyninga inspirerer til ettertanke og opnar for samtale om emner som kan vere vanskeleg å snakke om.

Mykje av mobbinga som skjer i skulegården i dagens samfunn kan vere forhindra gjennom å belyse dette temaet. Ved å motivera til å strekke ut ei hand istadenfor å trekke andre ned, skapast fellesskap og balanse. 

Etter endt framsyning er det satt av tid for ein åpen dialog der både lærarar og elevar kan snakke med utøvarane.

Konsept/idé/regi/kunstnarleg ansvarleg: Belinda Braza
Koreografi: Belinda Braza med skapande dansarar.

Om utøvere og produsenter

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnere/grupper: Team Braza
  • Idé/opplegg: Belinda Braza

Om kunstner / utøver / gruppe

B-Braza Productions er eit urbant samtidskompani og produksjonsselskap som vert driven av kunstnarisk leiar og koreograf, Belinda Braza. Ho har produsert fire førestillingar i cross over-sjangeren mellom urban dans, musikk og tekst. B-Braza sine produksjonar er kjende for å vere urbane og med viktige og samfunnsaktuelle tema. Dei har spennande og innovative framsyningar som engasjerer og rører publikum.


Medvirkende

  • Team Braza
  • Belinda Braza (dansar, produsent, kunstnerisk ansvarlig)
  • Charlotte Korrell (Skapande dansar)
  • Sigurd Christian Dahle Uberg (Skapande dansar)
  • Sofie Løken (Skapande dansar)
  • Sara Einbu (Skapande dansar)
  • David Blikstad (teknikar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Charlotte Korrell
Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg
Belinda Braza
Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg
Sigurd Christian Dahle Uberg
Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg
Scenekunst
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøver
Belinda Braza - 481 84 940
Programlengde
40 min + 15 min etteprat
Maks publikumsantall
300
Arena / rom
Gymsal, aula, eller liknande
Maks antall fremføringer per dag
2
Bærehjelp
2 stk.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Scenebredde i meter
8
Scenedybde i meter
8
Må blendes
Ja
Lenker
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Vestland
Norsk scenekunstbruk
Medvirkende
  • Belinda Braza (dansar, produsent, kunstnerisk ansvarlig)
  • Charlotte Korrell (Skapande dansar)
  • Sigurd Christian Dahle Uberg (Skapande dansar)
  • Sofie Løken (Skapande dansar)
  • Sara Einbu (Skapande dansar)
  • David Blikstad (teknikar)