Norsk scenekunstbruk
Postadresse: Storgaten 10b, 0155 OSLO
Besøksadresse: Storgaten 10b, 0155
Telefon: 22425810
Den japanske hagen - V18 (Teater Nova og TPO (Ital...
Produksjonsliste
Program

Den japanske hagen - V18 (Teater Nova og TPO (Italia))

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Velkomen til eit eventyr fylt med bilde og dans inspirert av skjønnheita i ein svært spesiell hage.

Denne spesielle hagen er som ei eiga verd i miniatyr, og han har sin heilt spesielle historie om korleis han vart til: Ei modig ung jente som heitte Shiro, den fyrste japanaren som forlet den vesle fjellandsbyen sin, drog på ei lang reise heilt til havet. Då Shiro kom heim fann ho ikkje ord som kunne forklare det ho hadde sett. Ho begynte å skildre den fantastiske reisa ved å skape ein hage.

Framsyninga startar med ei kort historieforteljing og forvandlar seg til ein dans; ei reise inn i oppdaginga av Den japanske hagen. Hagen omskapast gjennom projeksjon ovanfrå som belyser bilder på ei stor dansematte, eit magisk teppe som reagerer på fysiske rørsler. 

Skjulte trykksendarar gjer at lyd og bilde vert levande, og borna vert inviterte med på reisa gjennom dei vakraste blomsterenger, over elver og på syngande bruer. Elevane får hoppe på blada, som flyt på innsjøen, og rulle med bølgene i havet. Ei interaktiv oppleving i ei poetisk og magisk verd.

Framsyninga er eit samarbeid med Teatro di Piazza o d'Occasione (TPO) frå Italia.

Om utøvere og produsenter

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnere/grupper: Teater Nova og TPO (Italia)

Om kunstner / utøver / gruppe

Teater Nova starta opp i 2002. Dei har produsert fleire framsyningar for barn og unge som har vore på turne for DKS. Simone Thiis er kunstnerisk leiar, samt skodespelar og regissør.Teater Nova lagar nyskriven teater primært for born og unge, med eit ønskje om å røra ved, vekke, skape debatt, gje nokre nye tankar, innsikt og oppleving. 


Medvirkende

  • Teater Nova og TPO (Italia)
  • Spartaco Cortesi (Lyddesign/teknikk)
  • Simone This (Skuespiller)
  • Alexandra Tveit (Danser)
  • Davide Venturini (Regi,lyddesign,teknikk)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Den japanske hagen
Foto: TEATER NOVA
Den japanske hagen
Foto: TEATER NOVA
Den japanske hagen
Foto: TEATER NOVA
Den japanske hagen
Foto: TEATER NOVA
Scenekunst
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10

Kontaktperson utøver
Simone Thiis - 977 57 873
Programlengde
55 minutt
Maks publikumsantall
120
Maks antall fremføringer per dag
2
Oppriggingstid
360 min.
Nedriggingstid
120 min.
Lenker
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Vestland
Norsk scenekunstbruk
Medvirkende
  • Spartaco Cortesi (Lyddesign/teknikk)
  • Simone This (Skuespiller)
  • Alexandra Tveit (Danser)
  • Davide Venturini (Regi,lyddesign,teknikk)