Norsk scenekunstbruk
Postadresse: Storgaten 10b, 0155 OSLO
Besøksadresse: Storgaten 10b, 0155
Telefon: 22425810
Meg, Meg og Meg V20 (Th´Line)
Produksjonsliste
Program

Meg, Meg og Meg V20 (Th´Line)

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

I framsyninga Meg, Meg og Meg møter vi fire ulike figurar som eigentleg er ein og same person.  Dei fire personlegdomane møter einannan, og figurane utfordra kvarandre for å freiste å skjøne seg sjølv betre. Forma er leikande og sjangeroverskridande, og publikum får oppleve dans, tekst og song i kreative samanstillingar. 

Figurane i framsyninga er prega av prestasjonskulturen og freistar vere ei opphøgd utgåve av seg sjølve, symbolisert gjennom eit påfallande kostyme. Scenografien er i svartog  glinsnde teip frå over 900 vhs-kassettar hengjande frå stativ lik ein diger, svart foss av minne. All lyd og lys blir styrt frå scena av utøvarane og dei nyttar det aktivt som eit verkemiddel i relasjonar mellom figurane.

Formen er leikande; dei dansar, snakkar og syng, og nyttar assosiasjonar frå underhaldningskultur og smal scenekunst som dukkar opp om kvarandre det er mykje humor i framsyninga, publikum skal oppleve at dei er tekne vare på, og her er eksperimentering  med korleis ein kan nytte musikk for å skape identitet og lokke fram kjensler. Dei nyttar kjende songar, Silvola sin nykomponerte musikk og musikkforslag frå publikum.

Med framsyninga Meg, Meg og Meg ynskjer gruppa å bidra til at ungdom får ei inkluderande, positiv og inspirerande oppleving av eksperimentell og utforskande scenekunst. Gjennom å leike med form og sjangrar ynskjer dei å skape nyfikne for kva scenekunst kan vere, og motivere ungdomar til å skape noko sjølve.
Th'line ynskjer at ungdomane vil kjenne seg att i bileta og figurane dei skapar og får lyst til å setje ord på det dei har opplevd. 

Forslag til førebuing og etterarbeid:
Skriv frå utøvarane og nokre forslag til etterarbeid vil bli lagt som vedlegg til omtalen. 

Om utøvere og produsenter

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Th´Line

Om kunstner / utøver / gruppe

Les meir om Th'Line på deira nettsider.


Medvirkende

  • Th´Line
  • Kristina Søetorp og Ida Wigdel (Konsept, koreografi, kostyme og scenografi)
  • Juhani Silvola (Komponist og lyddesign)
  • Edle Hanto (Teknikar på turné)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Meg, Meg og Meg 1
Foto: Th'Line
Meg, Meg og Meg 2
Foto: Th'Line
Meg, Meg og Meg 3
Foto: Th'Line
Meg, Meg og Meg 4
Foto: Th'Line

Video/Lyd

Scenekunst, Scenekunst / Crossover
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøver
Ida Wigdel: tlf: 924 64 548

Programlengde
40 min
Maks publikumsantall
100
Arena / rom
Gymsal, auditorium eller anna eigna spelestad på skulen. Må ha minimum 6x5 meter speleplass og full blending. Alternativt leigd lokale nær skulen.
Maks antall fremføringer per dag
2
Bærehjelp
Ynskjeleg med berehjelp frå 3 - 4 personar.
Oppriggingstid
120 min.
Nedriggingstid
60 min.
Må blendes
Ja
Merknad
Turnéperiode: Medio mars 2020.​​​​​​​Eventuell reise: Hordaland fykeskommune dekkjer ev. reiseutgifter om det blir trong for for leigd lokale og transport til spelestad. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Norsk scenekunstbruk
Medvirkende
  • Kristina Søetorp og Ida Wigdel (Konsept, koreografi, kostyme og scenografi)
  • Juhani Silvola (Komponist og lyddesign)
  • Edle Hanto (Teknikar på turné)