1 1/2 - en forestilling om ensomhet V21 (Oddmann Productions) ⚪ ⚫ ⚫ ⚫ Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedleggDokkemannen Antero startar på nytt i eit tomrom. Der kan han vere akkurat den han er, og det blir ikkje bråk. Men han treng nokon å danse med! Eit par sjongleringsballar kanskje? Eller ein kjærast? Antero er middelaldrande, kortvaksen og kjem lett i krangel. Han elskar frynser og sollyset frå lampa. Antero har retningar og punkt å halde seg til og han kan vere kva som helst; ein sjonglerande cowboy for eksempel. Det er herleg å få ein ny sjanse, byrje på nytt, heilt åleine. Eller? Kven er den stemma? Den rare kvinna som dukkar opp og ikkje let ham vere i fred? Hmm... Antero treng nokon å danse med. I avisa finn han kjærestar av ulike kaliber, berre ei passar til han! Men når ho plutseleg ringjer på døra får han panikk... Ho heiter Andrea og elskar alt i leilegheita hans... 1 ½ er ei framsyning om det å vere einsam. Antero vil skapa seg ein levemåte der han har full oversikt og kontroll - der ingen bryr seg eller lagar bråk, men han kjenner på ein snikande einsemd. Ei annan stemme dukkar opp - snakkar han med seg sjølv? Held han på å bli sprø? Eller finnast det verkeleg nokon der som vil møte han? Korleis skal Antero kome seg vidare og finne lykka? Frida Odden Brinkmann er sjonglør og sirkusartist, med 1 ½ knyter ho saman figurteater og nysirkus i ei underfundig soloframsyning. Om utøvere og produsenter
Om kunstner / utøver / gruppeFrida Odden Brinkmann er utdanna ved Académie Fratellini i Paris, Cirkuspiloterna i Stockholm og ved AFUK i København. 1 ½ er hennar fyrste soloprosjekt, produsert i 2012. Medvirkende
Multimedia og vedlegg | Scenekunst Trinn: 5 - 7 Praktisk informasjon Kontaktperson produksjon Guro Strand tlf: 48 99 49 40 Kontaktperson utøver Frida Odden Brinkmann, , 97698504 Programlengde 30 min Maks publikumsantall 100 Arena / rom Gymsal/aula Maks antall fremføringer per dag 2 Bærehjelp 4 personar Oppriggingstid 135 min. Nedriggingstid 60 min. Rom/areal, bredde, lengde, takhøyde, veggareal 6x5 meter Strøm 2x16A Må blendes Ja Lenker Arrangører Arrangert av: Vestland Medvirkende
|